Dette inngår i standsleiga
 
Vi tilbyr to ulike pakkeløysingar som utstillarane kan velja mellom. Innhaldet i desse pakkane er skildra under. Det er forventa at det vil vera god sirkulering av menneske rundt heile standen.
 
Alle utstillarane får ein bakvegg som kan brukast til å profilera eigen verksemd. Den øvste delen av veggen skal nyttast til logo og namn på utstillar. Dette vil være likt for alle, og er spesifisert i dei grafiske retningslinene. For å oppretthalda ein heilskapleg profil og oversyn på fellesstanden gjer vi merksam på at det ikkje vil vera høve til å ta med seg roll-up og andre lause profilgjenstandar.
 
Inkludert i standpakken vil det vera tilgjenge til eit felles møterom og eit lagerrom der ein kan hengja frå seg t.d. jakker. Standen vil ha eit fellesområde med ein informasjonsdisk der det vil verta servert kaffi. I fellesområdet/mingleområdet vil det vera Speakers Corner med eige program.

Enkel stand

Stor stand

Enkel stand

Passar om ein er ein til to personar som skal bemanna standen. 

  • Vegg til grafikk 1,5x2,5 meter
  • 1 x disk med skyvedør
  • 1 x barstol
  • 1 x brosjyrestativ
  • 1 x papirkorg
  • 1 x spot på arm
NOK 32.000,- eks. mva




Har du spesielle behov? Kontakt oss gjerne!

Stor stand

Passar om ein er 2 til 4 personar som skal bemanna standen, samt om treng noko plass til å visa fram produkt*. 

  • Vegg til grafikk 3x2,5 meter
  • 1 x disk med skyvedør
  • 2 x barstol
  • 1 x barbord
  • 1 x brosjyrestativ
  • 1 x papirkorg
  • 2 x spottar på arm
NOK 64.000,- eks. mva
 

Dersom ein ønsker å leige TV som heng på veggen på standen, vert dette eit tillegg i prisen på kr. 7 570,- (eks mva).

Dei 20 første verksemdene som melder seg på får 2 stk. utstillarbillettar til ONS inkludert. Utover dette kan ein kjøpa utstillarbillettar til redusert pris a kr. 240,- eks mva per billett. Full pris er kr. 360,- eks mva.

Atterhald om justering av pris ved høg/låg deltaking: Dersom det vert stor påmelding og aktuelt å ta inn fleire deltakarar enn planlagd kan dette føra til noko nedjustering av prisen. Dersom det vert færre utstillarar og dermed færre å dela kostnadene på, vil vi informera om ei eventuell prisendring i god tid. Det er budsjettert med 20 utstillarar på standen.