Fylkesordførarane frå Hordaland og Sogn og Fjordane opnar den regionale paviljongen under ONS
 
Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun frå Hordaland og Jenny Følling frå Sogn og Fjordane opnar den regionale paviljongen. Dei ser og frem til å møta utstillarane på standen deira.
 
Les informasjonen frå fylkesordførarane her.

 

I år samarbeider fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland om ein felles regional stand. Den regionale paviljongen er ei felles promotering av kompetansemiljøa, leverandørindustrien og andre institusjonar knytt til petroleum- og energiretta næringsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane under oljemessa Offshore Northern Seas (ONS) 2018 i Stavanger.

Fellesstanden er primært meint som eit tilbod til føretak som vurderer terskelen for eigen stand som for høg. Gjennom deltaking på fellesstanden vil føretaka få delta på ein tilrettelagt stand der delar av deltakarkostnadene vert dekte av fylkeskommunane.

Standen vil bli utforma slik at det kjem klart fram at ein her finn aktørar frå dei to fylka. Det inneber at heile standen vil ha felles design. Det blir lagt opp til ei opa løysing. Det er eit viktig poeng å leggje til rette for innbyrdes kontakt mellom utstillarane på standen. Samstundes vil ein freista å ta omsyn til utstillarane sine ulike behov så lenge heilskapen vert ivareteken.

Bli utstillar

Fylkeskommunane disponerer eit område på 21 x 8 meter i hall 7 (stand 7170).
For å kvalifisere seg som utstillar på paviljongen må selskapet være lokalisert i og ha sentrale funksjonar i Hordaland eller Sogn og Fjordane.