Vestland fylkeskommune støtter opp om fellesprofilering av verksemder heimehøyrande i fylket under energimessa ONS i Stavanger, 31. august til 3. september.  

Dette er ein svært gunstig måte å delta på årets viktigaste møteplass for den internasjonale energibransjen, med både eigenprofilering og i eit fellesskap med andre aktørar i regionen. Gjennom deltaking på den regionale paviljongen vil verksemdene delta på ein tilrettelagt stand der delar av deltakarkostnadene vert dekte av fylkeskommunane.

Vi disponerer eit areal på 22 x 8 m i hall 7 (som er rekna blant dei mest sentrale).
Her tilbyr vi standardpakkar med felles overbygging til verksemder. Fellesstanden blir utforma slik at det kjem fram at ein her finn aktørar frå Vesland fylkeskommune. Det inneber at heile standen vil ha felles design, men samstundes vil ein freiste å ta omsyn til utstillarane sine ulike behov så lenge heilskapen vert ivareteken. Det er eit viktig poeng å leggje til rette for innbyrdes kontakt mellom utstillarane på standen.

Bli utstillar

Fylkeskommunane disponerer eit område på 22 x 8 meter i hall 7 (stand 7170).
For å kvalifisere seg som utstillar på paviljongen må selskapet være lokalisert i og ha sentrale funksjonar i Hordaland eller Sogn og Fjordane. 

Tid igjen til messestart